§ 18 i personopplysningsloven (ekstern lenke) gir alle som ber om det, rett til å veta kva ein behandlingsansvarleg gjer med personopplysningar. Behandlingsansvarleg i Kartverket er Kartverksjefen eller den som har fått tildelt fullmakt frå Kartverksjefen. Hos Datatilsynet kan du lesa meir om behandlingsansvarleg (ekstern lenke).

Kontakt Kartverket for å få veta kva slags personopplysningar vi behandlar. Som hovudregel har du rett til å få veta kva som er registrert om deg, og du kan be om utfylling på nokre område:

  • Namn og adresse på behandlingsansvarleg
  • Kven som har ansvar dagleg for pliktene som behandlingsansvarleg
  • Kva slags personopplysningar som behandlast
  • Målet med behandlinga
  • Kor opplysningane er henta frå
  • Kven personopplysningane eventuelt blir utlevert til

Når du kontaktar oss og ber om informasjon, skal den behandlingsansvarlege svare utan ugrunna opphald og seinast innan 30 dagar. Viss du ønsker det, kan du be om å få svaret skriftleg. Den behandlingsansvarlege kan vise til stader kor informasjonen allereie er offentleg tilgjengeleg.

Viss det ikkje er mogleg for oss å halde fristen, kan vi sende eit foreløpig svar med opplysningar om årsaken til utsettinga og når du kan vente svar (personopplysningsloven §§ 16 og 24).

Eigedomsinformasjon

Kartverket driv dei nasjonale registra for offentleg eigedomsinformasjon, Grunnboka og Matrikkelen. I samband med dette behandlar Kartverket personopplysningar om alle som har eigedom, rettar i eigedom, eller er involvert i tiltak som blir registrert i matrikkelen.

Registrering, behandling og utlevering av informasjon frå og om desse registra regulerast i Tinglysingsloven (ekstern lenke) og Matrikkelloven (ekstern lenke) med tilhøyrande forskrifter.

Personopplysningar som blir behandla er først og fremst namn, adresse og fødselsnummer knytta til rettar som ein person har i eigedom, eller knytta til prosessar registrert i matrikkelen. Det er heilt nødvendig å bruke fødselsnummer for å sikre at vi registrerer rett person. Fødselsnummer blir behandla etter § 12 i personopplysningsloven.

Bruk av nettsidene til Kartverket - informasjonskapslar og samtykke

Ved å hente informasjon og/ eller bruke tenestene på kartverket.no og dei andre nettsidene våre (rettikartet.no, seeiendom.no, norgeskart.no, seplan.no, status.kartverket.no, ehandel.statkart.no), samtykker du i at det blir plassert informasjonskapslar i nettlesaren din, sidan dei fleste nettlesarane er stilt inn slik at dei automatisk godtek informasjonskapslar. Kapslane hugsar innstillingar og samlar inn statistikk. Dersom du ikkje ønsker at vi nyttar informasjonskapslar, kan du sjå hos nettvett.no korleis du endrar innstillingane i nettlesaren (ekstern lenke). Vi gjer merksam på at dette kan føre til at nettsidene ikkje fungerer optimalt.

Kartverket ønsker at du raskast mogleg skal finne det du leiter etter. For å lage ein brukarretta nettstad, nyttar vi verktøyet Google Analytics til å analysere brukarmønsteret til dei som besøker nettsida. Dette nyttar informasjonskapslar som registrerer IP-adressa og gir informasjon om korleis brukarane navigerer på nettstaden. Informasjonen frå Google Analytics blir lagra på serverane til Google i USA og blir handsama i tråd med Google sine retningslinjer for personvern (ekstern lenke).

Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning fordi ho kan sporast til ei bestemt maskin og til ein enkeltperson. Difor har Kartverket lagt til eit script (kode) som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa før informasjonen blir lagra hos Google. Dette gjer at den lagra IP-adressa ikkje kan nyttast til å identifisere ein enkelt brukar.

Fleire av publiseringsløysingane våre nyttar informasjonskapselen ASP.NET_SessionId for å betre lesaropplevinga når du til dømes navigerer mellom ulike sider. Ingen personleg eller identifiserande informasjon blir lagra. Informasjonskapselen blir fjerna frå datamaskina når du lukkar nettlesaren.

Nyheitsbrev

Det er mogleg å abonnere på nyheitsbrevet til Kartverket, som blir sendt ut via e-post. E-postadressa blir lagra i ein database hos nyheitsbrev-leverandøren vår Apsis. Adressa blir ikkje nytta til andre føremål, og blir heller ikkje gjort kjent for andre abonnentar. Når abonnementet blir sagt opp, blir e-postadressa sletta.

Del-/ tips-tenesta

Delingstenesta for nettartiklar på kartverket.no kan brukast til å vidaresende tips eller dele artiklar frå nettstaden. Opplysningar om deling blir ikkje logga, men blir berre nytta der og då til å legge inn tipset der du sjølv ønsker det. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer data vidare, blir regulert av avtalen din med nettsamfunnet.

Om du bruker funksjonen til å sende lenke via e-post, nyttar vi berre dei oppgitte e-postadressene til å sende meldinga vidare. Dette skjer automatisk, og e-postadressene blir ikkje lagra.

Kommunikasjon med Kartverket

Hovudregelen i offentlegloven er at saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov. Det inneber at alle som spør om det, kan få innsyn. Ein kontakt eller førespurnad til Kartverket vil difor også kunne vere offentleg, enten det skjer gjennom brev, telefaks, skjema, e-post eller chat.

E-post som kjem via kartverket.no, blir tatt imot av postmottaket vårt som tar stilling til om han skal journalførast eller ikkje. Dersom e-posten skal journalførast, blir han overført til journalsystemet vårt. Vi fører ein offentleg journal over all utgåande og innkomande korrespondanse, som normalt viser namnet til avsendar og mottakar, dato på dokumentet og ei kort oppsummering av dokumentinnhaldet. E-post blir behandla på same måte som innkomne brev. Her kan du lese meir om innsyn hos Kartverket.

E-post har nokre utfordringar når det gjeld datatryggleik. Vi oppmodar deg difor til ikkje å sende teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e-post.

Når du chattar med kundesenteret vårt, må du oppgi ei gyldig e-postadresse. Denne blir saman med dialogen (chatten) lagra hos chat-leverandøren vår eDialog24 (ekstern lenke), både slik at du kan få tilsendt kopi og til oppfølging i Kartverket. Reglane for behandling av chat-dialog er dei same som for e-post (sjå avsnittet ovanfor).

Data som du fyller inn i ulike skjema for påmelding, bestilling m.m. på kartverket.no, vil ikkje bli brukt til andre føremål. Dette blir oppbevart på serverane til Kartverket til dei blir vurdert for journal- og arkivsystem.

Sikring av informasjonen

Kartverket gjer det vi kan for at alle typar opplysningar som vi har ansvaret for, blir sikra etter dei krav som lovverk og overordna myndigheiter sett. For personopplysningar er dette § 13 i personopplysingsloven og tilhøyrande forskrifter.

Ansvar og feilretting

Det øverste ansvaret for all handsaming av personopplysningar i Kartverket, ligg hos Kartverksjefen. Dagleg ansvar for behandlinga er lagt til avdelingsdirektørar og underdirektørar, alt etter kor behandlinga skjer.

§ 27 i personopplysningsloven inneber at viss det er behandla personopplysningar som er feil, ufullstendige eller som det ikkje er tilgang til å behandle, skal den behandlingsansvarlege etter eige tiltak eller på oppmoding frå den registrerte rette dei mangelfulle opplysningane.

Retting av feil i grunnbok eller matrikkel følger lovverket for desse registra. Viss vi hentar informasjon frå andre registre som til dømes Folkeregisteret, må feila rettast der.

Viss du er usikker på tilgangen til å rette feil opplysningar, kontakt oss for meir informasjon.

Personvernombod

Kartverket har sidan 25. mars 2009 hatt personvernombod, jamfør heimel i personopplysningsføreskrifta. Ombodet sine oppgåver er å sjå til at Kartverket følger personopplysningloven, vera ein ressurs for organisasjonen på fagområdet, hjelpe dei registrerte med deira retter og vera kontaktperson for Datatilsynet.

Kontaktinformasjon til personvernombod i Kartverket: Laila Aslesen, asllai@kartverket.no

Meir informasjon

Ønsker du meir informasjon eller har spørsmål om informasjonskapslar og personvern på nett, kan du kontakte nettredaksjonen i Kartverket: info@kartverket.no eller telefon 08700.